onsdag 6. mars 2013

DVD: Hope Springs (2012)

Det er så lenge sidan eg skreiv filmmeldingar på jamleg basis at eg er vorte direkte uvand med å gjere, så før eg sette meg ned for å skrive denne meldinga gjekk eg til det for meg uvanlege steget å notere ned kva eg ville seie. På lappen stod det: Hugs å ta atterhald! Jau, då, tenkjer du kanskje, det er vel ein naturleg ryggmergsrefleks for ein filmmeldar å minne om det som kan nyansere og halde ein frå skamros eller slakt, om ikkje anna så fordi det får meldaren til å verke overflatisk rimeleg og balansert. Men det var ikkje nett det eg meinte. I møte med David Frankels overraskande vellukka gamlingkomedie Hope Springs handla det helst om å hugse på å vere iallfall ørlite audmjuk, å freiste å halde meg frå store og kategoriske erklæringar om det ålmenngyldige i ein situasjon eg trass alt ikkje sjølv har særleg kjennskap til.