Partileiarskiftet i Senterpartiet skjer før tida, og Jens Stoltenberg må finne den raud-grøne regjeringas tredje olje- og energiminister. Åslaug Haga gav på ein pressekonferanse idag melding om at ho trekkjer seg frå båe verva, etter ei medie- og helsemessig påkjenning utanom det vanlege, knytt til dei siste vekenes avsløringar om mogleg rot i samband med nokre byggjesaker. Med denne avgjerda har regjeringa og Senterpartiet mist ein av sine mest profilerte statsrådar, og ein av ubestridde arkitektane bak det raud-grøne samarbeidsprosjektet. Det er synd, men Haga understrekar at korkje hennar eller partiets tru på regjeringssamarbeidet er svekt.
Eg skal ikkje gå i detaljar om kva eg meiner om sakene som førde ti mediestormen som tok dro Haga med seg, men lat meg seie følgjande: Sjølv om eg aksepterer at politikarar skal haldast til ein streng standard, så må det vere mogleg å la folk få høve til å forklare seg, etter at dei har kome attende frå ei sjukemelding. Både presse og opposisjon (her tenkjer eg særskilt på Høgres elles anstendige Per-Kristian Foss må ta sin del av skulda for at Haga konkluderte med at ho måtte setje helsa først. Om Haga har gjort ting som krev ytterlegare oppklaring, burde dette kunna vente til ho var i stand til å forsvare seg. Slik prosessen no arta seg, var ein sjukemeld olje- og energiminister nærast forsvarslaus. Men denne sortien skal ikkje få overskugge at Åslaug Haga var ein essensiell del av det raud-grøne prosjektet.
Fordi ho lukkast kan det sikkert vere lett å gløyme, men vi skal ikkje undervurdere kor mykje arbeid som låg bak når Senterpartiet gjekk til val på regjeringssamarbeid med dei gamle fiendane Arbeidarpartiet og SV i 2005. Torbjørn Berntsen har på biletleg vis synt fram kulturskilnadene mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet, men ingen skal tvile på at mange var mistenksame også motsett veg. Haga står i gjeld til Anne Enger, som braut ut av regjeringssamarbeid med Høgre i 1990, og til Odd Roger Enoksen, som var den første til å lufte regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet og nesten blei kasta på det, men det viktigaste arbeidet gjorde ho sjølv. Ho betra Senterpartiets tilhøve til fagrørsla (særleg Fagforbundet), og plasserte partiet som ein hard kritikar av både Irak-krigen og Bondevik-regjeringas privatiseringspolitikk. Båe desse stilskifta (Senterpartiet var alltid vore prega av transatlantisk lojalitet og innanrikspolitisk varsemd) skjerpte den politiske profilen, og gjorde spranget mindre vanskeleg.
Det same har ho i det store og heile bidradd med i regjering. Senterpartiet gjorde ein smart valkamp i 2005, som gav dei sakseigarskap til to saker, samferdsle og kommuneøkonomi, som alle dei tre raud-grøne partia var samde om, men som Senterpartiet kunne innkassere den politiske gevinsten for. Som kommunal- og regionalminister kunne ho drysse fleirfaldige milliardar ned over sveltefora kommunar, og oppfølgjinga av Nasjonal Transportplan kan også skrivast på Senterpartiets merittliste. Dette var saker som det var praktisk umogleg (og uønskjeleg) for statsministeren å ikkje innfri, og dermed fekk Senterpartiet nokre enkle vinnarsaker, som om ikkje anna kunne brukast til å halde grasrota i partiet nøgd. Her kjem også ein annan kulturskilnad mellom regjeringspartia til syne. SV har samla sett hatt vel så mykje å juble for i denne regjeringa som Senterpartiet, men det er berre det siste åra at SV har bevega seg vekk frå sin tendens til å dyrke nederlaga istaden for sigrane. Frå Senterpartiet var det lenge heilt stilt.
Imidlertid skal det innrømmast at dei siste dryge seks månadene har vore slitsame for oss som stør denne regjeringa, og det er hovudsakeleg Senterpartiet si skuld. Denne våren har innebore ei lang rad saker som syner at regjeringa forandrar Noreg til det betre kvar einaste dag (antidiskrimineringslova, ekteskapslova, trygdeoppgjeret, klimaforliket osb.), men det er ikkje nødvendigvis det inntrykket veljarane sit att med. Det har ikkje gått mange dagane mellom kvar gong opne eller løynde Sp-kjelder har truga med regjeringskrise, dersom partiet ikkje fekk vilja si. Det galdt vernespørsmålet i Trillemarka, jordbruksoppgjeret og kommuneøkonomiproposisjonen. Media har snakka med kjelder i Arbeidarpartiet og SV som meiner at Åslaug Haga har blitt ein tøffare forhandlar som har blitt meir oppteken av å setje Senterpartiets interesser først, etter at ho gav melding om at ho ikkje ønskte attval som partileiar og stortingsrepresentant. Regjeringa klarte å arbeide seg fram til akseptable kompromiss i alle desse sakene, men berre fordi Haga visste å balansere mellom å utnytte partiets smertegrense og å ta i vare det kritisk viktige (og gode) samarbeidstilhøve med Jens Stoltenberg og Kristin Halvorsen. Samstundes kan ein sjølvsagt undre seg over at media tilsynelatande handsamar slike jamlege ultimatum (og tilmed Ola Borten Moes jamlege flørting med sentrumsalternativet) som eit naturleg og profesjonelt utslag av maktpolitikk, medan SVs freistnader på det same blir framstilt som illojale og umogne.
Om den nye og hardare tonen frå forhandlaren Haga har handla om å byggje seg eit ettermæle som strateg og partileiar, så har det også tydd at ho har blitt gradvis mindre synleg som olje- og energiminister. Ho gjekk umiddelbart høgt på banen og utropte seg sjølv til regjeringas viktigaste klimastatsråd, men det vil vere delte meiningar om kor mykje ho har levert på dette feltet. Klimaforliket i Stortinget er sjølvsagt ei god byrjing, men miljørørsla vil halde fram at den pågåande striden om seismikkskyting i Lofoten er ein lakmustest på miljø som Haga no ikkje får sjansen til å bestå. Etterfølgjaren får ein vanskeleg sak i fanget, når regjeringa atter skal gjere opp om tilhøvet mellom olje- og verneinteresser i Nord-Norge. Det er likevel grunn til å rose Haga for å ha utvida tenkinga om korleis oljepolitikk skal diskuterast i Noreg.
Denne saka blir imidlertid ikkje berre avgjort av ein ny statsråd, men også under ein ny Sp-leiar. Då Haga offentleggjorde at ho ikkje ville ha attval på partiets neste landsmøte, var kommentatorklassen skjønt samde om at Liv Signe Navarsete var det einaste namnet som kandidat til å ta over. Alle, bortsett frå to: Både Dagsavisens Arne Strand og VGs Olav Versto heldt fram Navarsete som favoritt, men dei ville samstundes ikkje utelukke nestleiar Lars Peder Brekk. No er Brekk konstituert som partileiar, i påvente av at landsstyret avgjer kvar vegen skal gå vidare. Om dei bestemmer seg for å kalle inn til eit ekstraordinært landsmøte for å finne Hagas etterfølgjar allereie til hausten, er det ingen tvil om at Navarsete er favoritt, fordi det er ei utbreidd oppfatning at ho er den einaste kandidaten. Men dersom landsstyret istaden bestemmer seg for å la Brekk vere konstituert partileiar heilt fram til det ordinære landsmøtet neste vår, kan stoda vere ein annan. Dersom Brekk drøymte om ein sjanse til å utfordre Navarsete, er dette den sjansen han får. I mars neste år vil han eventuelt ha fungert som leiar i åtte månader, og då vil han også ha fått tid til å prove at han er vaksen for oppgåva. Då vil det dessutan vere han, og ikkje Navarsete, som må overkøyrast dersom ein skal skifte partileiar. Lat meg likevel understreke at sjølv om eg ikkje veit korkje kva Lars Peder Brekke eller Senterpartiets landsstyre tenkjer om denne saka, så føler eg på meg at den løyser seg ganske raskt, og at Navarsete til slutt blir vald.
Uansett skal det også bli interessant å sjå korleis opposisjonen ter seg dei neste dagane. På den eine sida skal dei fylle opposisjonens plikt, altså å automatisk hevde at dette tyder at regjeringa er svekt, og at Jens Stoltenberg er ein dårleg leiar. Men på den andre sida må dei vakte seg litt for å ta for hardt i, ettersom dei sjølve ikkje er heilt uskuldsreine når det gjeld det mediepresset som til slutt sleit ut Haga. Såleis er eg litt overraska over dei første reaksjonane frå KrF-leiar Dagfinn Høybråten og Venstres Odd Einar Dørum. Den tidlegare Venstre-leiaren meiner at avgjerda var uungåelege, og ville tydelegvis ikkje ha gjeve sin tidlegare regjeringskollega tid til å forklare seg sjølv, medan Høybråten meiner dette kan få konsekvensar for neste stortingsval. Om han med det meiner at Haga har gjort ein så god jobb at ho blir vanskeleg å erstatte, har han ein vag måte å seie det på.
Men dersom det var det han meinte vil eg seie med samd med han. Åslaug Haga har vore ein viktig ressurs for denne regjeringa, og ein stoly forsvarar av det raudgrønne prosjektet, som ho på pressekonferansen kalla sitt hjartebarn. Regjeringas arbeid går vidare utan henne, og det skal finnast ein etterfølgjar. Men ho skal ha sin fortente del av æra for at vi i det heile har kome så langt.
No vonar vi i første rekkje at ho blir friskt, og deretter at ho kan gå attende i jobben som stortingsrepresentant.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar